Aurland sjukeheim

Aurland sjukeheim

0.00

Nytt sjukeheimsbygg med 24 bueiningar med tilhøyrande sosiale rom og støttefunksjonar. Nybygget på ca. 2840m2 er knytta saman med eksisterande
sjukeheimsbygg som vert ombygd til omsorgsbustader. Anlegget ligg i Aurland sentrum med utsikt over Aurlandsfjorden.

Arkitektfirma Jon Vikøren vart engasjert til å utføra/leia prosjekteringsarbeidet etter ein arkitektkonkurranse.

Nyygget er i 3 etasjer + delvis 4.etasje og underetasje. Forutan bueiningsdelen inneheld det eldresenter, storkjøken, base for open omsorg og administrasjon.

Bygget ligg i bratt terreng på ei lita tomt, der utfordringane m.a. har vore å sikra tilkomstforhold, utomhusareal, terrengtilpasning, utsiktstilhøve og forholdet / kommunikasjon til eksisterande bygg. M.a. er uteopphaldsareal for bebuarar og personale løyst ved ei takterrasse på nybygget. Bygga er knytta saman med ei gangbru frå 4.etg. /takterrassen i nybygget til 2.etg. i eksisterande bygg.

Bygget vart i 2003 kåra til “Årets sjukeheim” i Sogn og Fjordane, av Norsk pensjonistforbund.

Add To Cart