Org. prosjekt


Organisering av prosjektarbeid

Prosjektarbeidet vert utført med ein av våre sivilarkitektarsom prosjekteringsansvarleg /

sakshandsamar, og med eit antal sivilarkitekter / medarbeidarar, som vil variere etter bygget sin art og storleik, prosjekteringsfase og generell kapasitet i firmaet.  Vi legg opp arbeidet slik at dei ulike medarbeidarar sin spisskompetanse vert utnytta.

Vi har i dei fleste byggesaker oppgåva som prosjekteringsgruppeleiar, der vi styrer prosjekteringsprosessen etter utarbeidde prosjekteringsrutiner og koordinerer arbeidet som deltakarane i prosjekteringsgruppa utfører.

Vi har utarbeidd eit samla prosjektstyringsoppleggg som del av vårt kvalitetsikringsystem.

Dette er basert på mange års erfaring i prosjektstyringsrollen og er kontinuerleg under oppdatering m.a. i samsvar med skiftande sentrale retningslinjer og krav.

Dette sikrer byggherren ein målretta og kontrollert prosjekterings- og byggeprosess der også forholdet til andre aktørar i byggesaka vert ivareteke ( brukarar, godkjennande myndigheiter, byggherreorgan og offentlege instansar )

Det løpande prosjekteringsarbeidet i prosjekteringsgruppa vert styrt gjennom detaljerte framdrifts- / produksjonsplanar for alle prosjekteringsfaser ( programmeringsfasen, skisseprosjektfasen, forprosjektfasen og detaljprosjektfasen/ kontraheringsfasen ), der alle vesentlege datoar for produsert materiale, fristar for uttaler, brukarmedverknad, møteverksemd, stegvis levering av bidrag frå ulike medverkande, sjekklister etc. er innplotta.

Slike prosjektstyringsreidskap er vesentlege for å få ein god planlegging som ivaretek byggherren sine trong for tryggleik og kontroll.

Prosjektering- og kontrollrutiner er lagt opp i samsvar med krav i siste utg. av byggeforskriftene.