Org. prosjekt
Organisering av prosjektarbeid
Prosjektarbeidet vert utført med ein av våre sivilarkitektarsom prosjekteringsansvarleg /
sakshandsamar, og med eit antal sivilarkitekter / medarbeidarar, som vil variere etter bygget sin art og storleik, prosjekteringsfase og generell kapasitet i firmaet. Vi legg opp arbeidet slik at dei ulike medarbeidarar sin spisskompetanse vert utnytta.
Vi har i dei fleste byggesaker oppgåva som prosjekteringsgruppeleiar, der vi styrer prosjekteringsprosessen etter utarbeidde prosjekteringsrutiner og koordinerer arbeidet som deltakarane i prosjekteringsgruppa utfører.
Vi har utarbeidd eit samla prosjektstyringsoppleggg som del av vårt kvalitetsikringsystem.
Dette er basert på mange års erfaring i prosjektstyringsrollen og er kontinuerleg under oppdatering m.a. i samsvar med skiftande sentrale retningslinjer og krav.
Dette sikrer byggherren ein målretta og kontrollert prosjekterings- og byggeprosess der også forholdet til andre aktørar i byggesaka vert ivareteke ( brukarar, godkjennande myndigheiter, byggherreorgan og offentlege instansar )
Det løpande prosjekteringsarbeidet i prosjekteringsgruppa vert styrt gjennom detaljerte framdrifts- / produksjonsplanar for alle prosjekteringsfaser ( programmeringsfasen, skisseprosjektfasen, forprosjektfasen og detaljprosjektfasen/ kontraheringsfasen ), der alle vesentlege datoar for produsert materiale, fristar for uttaler, brukarmedverknad, møteverksemd, stegvis levering av bidrag frå ulike medverkande, sjekklister etc. er innplotta.
Slike prosjektstyringsreidskap er vesentlege for å få ein god planlegging som ivaretek byggherren sine trong for tryggleik og kontroll.
Prosjektering- og kontrollrutiner er lagt opp i samsvar med krav i siste utg. av byggeforskriftene.