Målsetting


Målsetting og kvalitetsikring

ArkitektfirmaJon Vikøren AS ynskjer å  ivareta og kontrollera heilskapen i utforming og

planlegging av både større og mindre prosjekt, til beste for byggherren.

Alt arbeid som vert utført i firmaet sin regi skal vera av høg standard.

Målet med dei prosjekt vi har ansvar for er høgt arkitektonisk nivå og godt handtverk i samsvar med krav i forskrifter og lover, og at kunden / byggherren sine krav og ynskjemål vert ivareteke frå  planlegging til ferdig bygg.

For å kunna sikra at desse måla kan oppfyllast, ser vi det som viktig at arbeidsmåtar, rutinar og prosjektdokument er standardiserte og organiserte og at dei er dokumenterte og kontrollerbare. Dei ulike ledd i prosjekterings- og byggeprosessenskal vera sikra gjennom eigenkontroll, og byggherren skal kunna få dokumentert at det arbeidet som han får utført vert gjort i tråd med ynskjemål, krav etc.

Vi har med utgangspunkt i dette utarbeidd eit system for kvalitetsikring, som tilfredsstiller krava i NorskStandard og krava i byggeforskriftene:

Vi har internt i firmaet eit kontinuerleg arbeid med kvalitetsstyring i form av standardisering og organisering av eigne arbeidsrutiner og dokumentasjon av desse. 

Ein viktig del er også framstilling av dokument som beskriv dei ulike delane av ein

prosjekterings- / byggeprosess, og gjev høve til å få dokumentert utførelsen av desse.

(Sjekklister, maler for framdriftsplanar, rutiner for dokumentasjon av endringar, rutiner og faste skjema for anbudsopning / -vurdering, kontraktframstilling, vurdering av løysingar i høve til forskriftskrav, kostnadsoverslag, malar og rutiner for framstilling av beskrivande mengdeberekning og teikningar o.s.v. )

Alt tilpassa dei siste utgåvene av styrande sentrale dokument som Norsk Standard, forskrifter mm., og framstilt på data, slik at dei lett kan tilpassast det aktuelle byggeprosjekt og dei krav som byggherren måtte stille.

Som referansesystem og utgangspunkt for oppbygginga har vi nytta "Kvalitetsikring av byggeprosjekt" utarbeidd av RIF og Arkitektbedriftene sitt bransjemønster for kvalitetsikring, "MAKS"  ( modell for arkitektsystemests kvalitetsystem ).

Som ein del av dette systemet er krava om kvalitetsystem i "Forskrift om godkjenning av foretak for ansvarsrett" innarbeidd.

Vi har sentral godkjenning. (sjå kompetanse og godkjening)