Kompetanse


Kompetanse / Godkjenningar

Arkitektfirma Jon Vikøren AS utfører prosjekterings- og rådgjevingstenester på dei fleste aktuelle områder innanfor bygg- og arealplansektoren. 

Arkitekfirmaet har sentral godkjenning i dei tiltaksklassar som er relevante for dei aller fleste prosjekttyper, i samsvar med godkjenningsordninga for foretak etter plan- og bygningslova.

Dvs. høgaste tiltaksklasse (klasse 3) :

  • Ansvarlig søker for bygninger og installasjoner, tiltaksklasse 3
  • Ansvarlig prosjekterende for bygninger og installasjoner, tiltaksklasse 3
  • Ansvarlig kontrollerende for prosjektering av bygninger og installasjoner, tiltaksklasse 3

 Arbeidet vert utført innanfor fylgjande arbeidsområder:

  • Prosjekteringsleiing. Med styring av samla planleggingsarbeid i ei prosjekteringsgruppe. Med rolle som ansvarleg søkar og koordinator for større og mindre byggeprosjekt.

  • Arkitekturprosjektering. Prosjektering av større og mindre bygg av ulike typer ( sjå referanseliste ) M.a med;

    • formgjeving og planløysing

    • planlegging av konstruksjoner og materialbruk

    • interiørprosjektering med farger og innreiing

    • planlegging av utomhusanlegg / situasjonsplanar

  • Byggeteknikk. Delt ansvar med rådgjevande ing. byggeteknikk på større prosjekt.

  • Planlegging av brannsikkerheitsløysingar. Delt ansvar med rådgjevande ing. brannteknikk på større prosjekt i tiltaksklasse 3.
  • Prosjektleiing / prosjektadministrasjon. Styring av prosjektgjennomføring og framdrift på vegne av byggherren.
  • Arealplanlegging. Utarbeiding av arealplanar på ulikt nivå for offentlege og private oppdragsgjevarar. ( reguleringsplanar, illustrasjonsplanar, kommuneplanar, kommunedelplanar etc. )
  • Byggeleiing. Byggeleiings- og kontrolloppgåver på vegne av byggherren i ulike byggeprosjekt.