IT og data


Bruk av IKT / DATA

Det meste av administrativt og prosjekterande arbeid vert i vårt firma i dag gjort ved hjelp av IKT / Data. Dette meiner vi gir både byggherren og oss som prosjekterande mange fordeler:

  • Rask og effektiv dokumentframstilling
  • Byggherre vert sikra kvalitet ved gjenbruk av standardiserte og gjennomprøvdearbeids- rutiner og prosjektdokument / - element.
  • Byggherren får eit prosjektmateriale, som er tilgjengeleg og enkelt å nytta og arbeida vidare med i etterfylgjande drift, vedlikehald, ombygging, påbygging etc.

Arkitektfirma Jon Vikøren AS har over 20 års erfaring i bruk av EDB-baserte løysingar, med IBM- og Apple-maskiner, og med fleire programverktøy, som Layoutprogram, tekstbehandling, illustrasjonsprogram, regneark, innscanning av andre dokument m.fl.

Vi har erfaring med bruk av DAK, med "Archicad"  som program. Archicad er eit 3-dimensjonalt program med automatisk mengdeberekning, perspektivteikning osv. Noko som gir prosjekterande og byggherre god kontroll og høve til ulike typer framstilling. Program og maskinvare kan nyttast saman med andre system som f.eks. AutoCad, slik at informasjon kan utvekslast mellom dei.

Archicad kan til dømes laga teikningar i Autocad sitt eige filformat, DWG, slik at kommunikasjon og sambruk vert svært enkel.

Til prosjektadministrasjon / prosjektstyring vert ulike malar / dokument i Word og Excel nytta.

Kontoret nyttar Apple Macintosch datamaskinar /OS.st. og oppdaterer jevnlig maskinparken for å ha best mogleg ytelse og kapasitet.

Som referanseprosjekt når det gjeld databruk, viser vi til:

  • "Sognekraft, nytt kontorbygg" med Sognekraft as som byggherre
  • "Vanylven helse- og omsorgsenter” med Vanylven kommune som byggherre
  • "Høgehaug bo- og behandlinssenter" med Hol kommune som byggherre
  • "Gaupne omsorgsenter" med Luster kommune som byggherre.

Firmaet har etablert breibandtilknytning, som gjer oss i stand til å utveksla store datamengder med byggherre, rådgjevarar og øvrige aktører i byggesakene, på ein rask måte.