Historikk


Kort fortalt om eit tradisjonsrikt Arkitektfirma i bygdenoreg

Firmaet vart starta i 1959 av Jon Vikøren.

Han flytta tilbake til heimbygda Vik desember 1958, etter endt arkitektstudie på NTH, Trondheim.

I perioden 1961 til 1986 dreiv han ilag med Olav Vikøren. Deretter dreiv dei vidare kvart sitt firma.

I 1985 bygde Jon Vikøren nytt kontorbygg i Vik sentrum, og firmaet flytta inn i toppetasjen med utsyn over fjorden og strandsitjarmiljøet på Vikøyri.

Jon Vikøren danna eit solid grunnlag for vidare drift, blant anna gjennom si store kontaktflate og faglege engasjement både innan eigen kommune og i fylket elles.

Han såg tidleg at data ville bli eit viktig verktøy i arkitektfaget, og var blant dei fyrste som satsa for fullt på dette. Han var også oppteken av at medarbeidarar skulle få utvikle seg fagleg, og få ansvar for eigne prosjekt.

Firmaet har heile tida vore mellom dei største i regionen, med stort spenn i arbeidsoppdrag og kompetanse; frå småhus og hytter til skular, sjukeheimar og kommuneplanar.

Firmaet har hatt storparten av sitt arbeid i Sogn og Fjordane, med kommunane i Sogn som tyngdepunkt, og i tillegg oppdrag i nabofylka Hordaland, Oppland, Buskerud og Møre og Romsdal.

I 2003 vart firmaet omorganisert til eit aksjeselskap, og dei tilsette arkitektane gjekk inn som deleigarar i 2004, med Jon Vikøren som hovudaksjonær. Etter Jon Vikøren sin bortgang sommaren 2004, har kona Dagny Vikøren kome inn som aksjonær, og Lin Marie Vikøren er dagleg leiar.