Kompetanse - Arkitektfirma Jon Vikøren as

Kompetanse


Kompetanse / Godkjenningar.

Arkitektfirma Jon Vikøren AS utfører prosjekterings- og rådgjevingstenester på dei fleste aktuelle områder innanfor bygg- og arealplansektoren.

Arkitekfirmaet har sentral godkjenning i dei tiltaksklassar som er relevante for dei aller fleste prosjekttyper, i samsvar med godkjenningsordninga for foretak etter plan- og bygningslova.


Dvs. høgaste tiltaksklasse (klasse 3) :

Ansvarlig søker for bygninger og installasjoner, tiltaksklasse 3

Ansvarlig prosjekterende for bygninger og installasjoner, tiltaksklasse 3

Ansvarlig kontrollerende for prosjektering av bygninger og installasjoner, tiltaksklasse 3


Arbeidet vert utført innanfor fylgjande arbeidsområder:

Prosjekteringsleiing. Med styring av samla planleggingsarbeid i ei prosjekteringsgruppe. Med rolle som ansvarleg søkar og koordinator for større og mindre byggeprosjekt.

Arkitekturprosjektering. Prosjektering av større og mindre bygg av ulike typer ( sjå referanseliste ) M.a med;

formgjeving og planløysing planlegging av konstruksjoner og materialbruk interiørprosjektering med farger og innreiing planlegging av utomhusanlegg / situasjonsplanar

Byggeteknikk. Delt ansvar med rådgjevande ing. byggeteknikk på større prosjekt.

Planlegging av brannsikkerheitsløysingar. Delt ansvar med rådgjevande ing. brannteknikk på større prosjekt i tiltaksklasse 3.

Prosjektleiing / prosjektadministrasjon. Styring av prosjektgjennomføring og framdrift på vegne av byggherren.

Arealplanlegging. Utarbeiding av arealplanar på ulikt nivå for offentlege og private oppdragsgjevarar. ( reguleringsplanar, illustrasjonsplanar, kommuneplanar, kommunedelplanar etc. )

Byggeleiing. Byggeleiings- og kontrolloppgåver på vegne av byggherren i ulike byggeprosjekt.