Ledig stilling

Untitled photo

ARKITEKT MED MASTERGRAD

Grunna stor oppdragsmengde søker vi arkitekt med mastergrad til vårt kontor i Vik i Sogn. Vi søker fortrinnsvis etter deg som har min. 3 års erfaring, men vurderer også søknad frå deg som har kortare erfaring.

Du må beherske norsk skriftleg og muntleg, og ha evne både til å samarbeide i team og å jobbe sjølvstendig.

Det er ein fordel om du har erfaring med ArchiCad.

Arkitektfirma Jon Vikøren as er eit arkitektfirma med 4 sivilarkitektar, vi har hovudsakeleg prosjekt for offentlege byggherrar, men utfører også private oppdrag. Vi kan tilby varierte og utfordrande oppgåver, og er på søk etter ein kollega som ynskjer å ta ansvar og vera med og utvikle kontoret vidare.

Vi held til i lyse, romslege lokale, med utsikt til Sognefjorden og strandsitjarmiljøet i Vik.

Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, gode løns-, pensjons- og forsikringsordningar.

Søknad med cv sendast til lin@arkjv.no snarast.

For ytterlegare informasjon ta kontakt med Lin Marie Vikøren på lin@arkjv.no eller 413 73 961


VI SØKER NY MEDARBEIDAR

Vi søker etter sivilarkitekt/master i arkitektur til vårt kontor i Vik i Sogn. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med varierte og interessante arbeids- oppgåver der ein i stor grad får følge prosjekt frå A til Å. Løn etter avtale. Vi er fleksible på stillingsprosent, m.a. er det mogleg å ha 80% stilling.

Arkitektfirma Jon Vikøren as har pr. i dag 4 fast tilsette sivilarkitektar. Firmaet har etter 61 års drift utvikla brei erfaring og kompetanse innafor alle område av arkitektfaget, og har hatt eit breidt spekter av prosjekterings- og rådgjevingsoppgåver på mange ulike sektorar. Vi har i dei siste åra utvikla spesialkompetanse på prosjektering av bygg innafor helse- og om- sorgsektoren, men vi har også hatt mange prosjekt innan skule - og barnehagesektoren, areal- plansektoren, kontorbygg, forsamlingslokale, bustader, hytter, m.m. Dette vil ein sjå dersom ein klikkar seg inn på “prosjekt”.

For tida held vi m.a. på med store og interessante helse- og omsorgsprosjekt i Vik i Sogn og i Vågå. Vi er også med på eit spanande bustadprosjekt på Øenmarki her i Vik, etter ein plan- og design- konkurranse vi vant saman med det lokale entreprenørfirmaet Røyrvik Bygg og Betong AS.

Vårt kontor ligg i ein kommune rik på kultur, gode oppvekstvilkår og kort veg til flotte fjellparti og verdas vakraste fjord. I stadenfor rushtrafikk og timar i bil på veg til jobb, har vi “5-minutt- samfunnet” som gjev ekstra fritid til å nytta alle dei kvalitetane som kommunen vår har å by på.

Med 4 sivilarkitekter er vi eit mellomstort arkitektfirma her på vår kant av landet. Vi tilsette har alle vore i firmaet i mange år, og utgjer eit fagmiljø med ulik spesialkompetanse. For større prosjekt som vårt kontor har, vert prosjektarbeidet lagt opp som eit teamarbeid, der fleire medarbeidarar tek del i varierande omfang. På den måten får vi utnytta fagmiljøet vårt, og kvar einskild medarbeidar sin arbeidskapasitet og særlege spesialkunnskaper som vedkomande har opparbeida seg gjennom mangeårig arbeidserfaring som arkitekt. Dette ser vi på som ein styrke for vårt kontor.

Vi held til i toppetasjen i Vikørenbygget i Vik sentrum, med utsyn over Sognefjorden og strandsit- jarmiljøet på Vikøyri. Saman med oss i bygget er Bystøl AS, som er eit rådgjevande ingeniørfirma innan bygg og vasskraft, som vi har eit fagleg samarbeid med på fleire av våre prosjekt. Denne samlokaliseringa gir eit sosialt tilskot til arbeidsmiljøet.

Vår plassering i Vik i Sogn er ikkje til hinder for at vi har prosjekt langt utover kommune- og fylkes- grensene våre. M.a. har vi dei seinare år hatt fleire prosjekt i alle nabofylka i nord, sør og aust – både Møre og Romsdal, Hordaland, Oppland og Buskerud i tillegg til her i Sogn og Fjordane. Dei digitale verktøya vi har i dag, minkar behovet for reiser/møter, og gir rom for hyppige drøftin- gar undervegs via teams, epost og telefon.

Vi søker etter ein kreativ person som både kan jobbe sjølvstendig og i teamarbeid med andre - helst med nokre års arkitekterfaring og god kunnskap om bruk av teikneprogrammet ArchiCad.


Utsikten frå kontoret

Untitled photo