
Vik helse- og omsorgsenter
Vik i Sogn
Vik helse og omsorgsenter er ei stor og omfattande oppgradering, modernisering og utviding av eksisterande sjukeheim, helsesenter og omsorgsbustader. Prosjektet er på omlag 8.500 m2 bruttoareal bygg med tilhøyrande uteareal.
No er vi midt inne i ein travel detaljprosjektfase som skal vera ferdig til anbodsutending medio oktober 2021. Byggestart er satt til våren 2022.