Ledig stilling - Arkitektfirma Jon Vikøren as

VI SØKER NYE MEDARBEIDARAR!


Vi søker etter sivilarkitekt/master i arkitektur til vårt kontor i Vik i Sogn. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med varierte og interessante arbeids- oppgåver der ein i stor grad får følge prosjekt frå A til Å. Lønn etter avtale. Vi er fleksible på stillingsprosent, m.a. er det mogleg å ha 80% stilling.

Arkitektfirma Jon Vikøren as har pr. i dag 4 fast tilsette sivilarkitektar. Firmaet har etter 60 års drift utvikla brei erfaring og kompetanse innafor alle område av arkitektfaget, og har hatt eitt breidt spekter av prosjekterings- og rådgjevingsoppgåver på mange ulike sektorar. Vi har i dei siste åra utvikla spesialkompetanse på prosjektering av bygg innafor helse- og omsorgsektoren, men vi har også hatt mange prosjekt innan skule - og barnehagesektoren, arealplansektoren, kontorbygg, forsamlingslokale, bustader, hytter, m.m. Dette vil ein sjå dersom ein klikkar seg inn på “Sjå våre prosjekt”.

For tida held vi m.a. på med store og interessante helse- og omsorgsprosjekt i Vågå, Vik i Sogn og Øystre Slidre. Vi er også i byggefasen på fyrste byggetrinn på eit spanande bustadprosjekt på Øenmarki her i Vik, etter ein konkurranse vi vant saman med det lokale entreprenørfirmaet Røyrvik Bygg og Betong AS.

Vårt kontor ligg i ein kommune rik på kultur, gode oppvekstvilkår og kort veg til flotte fjellparti og verdas vakraste fjord. I stadenfor rushtrafikk og timar i bil på veg til jobb, har vi “5-minutt- samfunnet” som gjev ekstra fritid til å nytta alle dei kvalitetane som kommunen vår har å by på.

Med 4 sivilarkitekter er vi eit mellomstort arkitektfirma her på vår kant av landet. Vi tilsette har alle vore i firmaet i mange år, og utgjer eit fagmiljø med ulik spesialkompetanse. For større prosjekt som vårt kontor har, vert prosjektarbeidet lagt opp som eit teamarbeid, der fleire medarbeidarar tek del i varierande omfang. På den måten får vi utnytta fagmiljøet vårt, og kvar einskild medarbeidar sin arbeidskapasitet og særlege spesialkunnskaper som vedkomande har opparbeida seg gjennom mangeårig arbeidserfaring som arkitekt. Dette ser vi på som ein styrke for vårt kontor.

Vi held til i toppetasjen i Vikørenbygget i Vik sentrum, med utsyn over Sognefjorden og strandsitjarmiljøet på Vikøyri. Saman med oss i bygget er Bystøl AS, som er eit rådgjevande ingeniørfirma innan bygge- og anleggsteknikk, som vi har eit fagleg samarbeid med på mange av våre prosjekt.

Vår plassering i Vik i Sogn er ikkje til hinder for at vi har prosjekt langt utover kommune- og fylkesgrensene våre. M.a. har vi dei seinare år hatt fleire prosjekt i alle nabofylka i nord, sør og aust – både Møre og Romsdal, Hordaland, Oppland og Buskerud i tillegg til her i Sogn og Fjordane. Dei digitale verktøya vi har i dag, minkar behovet for reiser/møter, og gir rom for hyppige drøftingar undervegs via e.post, nett og telefon.

Vi søker etter ein kreativ person som både kan jobbe sjølvstendig og i teamarbeid med andre - helst med nokre års arkitekterfaring og god kunnskap om bruk av teikneprogrammet ArchiCad.

Interessert?

Send søknad med CV og referansar til Lin Marie Vikøren på e-post lin@arkjv.no.